Om du og/eller ektefellen din ikkje ynskjer å fortsette samlivet, kan ein av dykk eller begge søkje Statsforvaltaren (tidlegare kalla Fylkesmannen) om separasjon. De treng ikkje å vere einige om å søkje separasjon. Statsforvaltaren vil kontakte ektefellen din om du søkjer åleine.
Her finn du informasjon og tenester som er aktuelle ved svangerskap og fødsel. Det omfattar mellom anna foreldreansvar, økonomiske ytingar, mødrekvote og fedrekvote og barnets namn.
Før de giftar dykk, må skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Den raskaste måten er å søkje elektronisk om de begge har norsk personnummer eller d-nummer. Forventa sakshandsaming er 5 til 6 veker. Ver i alle tilfelle ute i god tid før bryllaupet.
Viss du blir arbeidsledig, kan du ha rett på dagpengar. For å få dagpengar må du vere registrert som arbeidssøkar hjå Nav. Du kan registrere deg og søke ledige stillingar på Nav.no.
Her finn du tenester knytta til asylsøknad, søknad om opphald i Noreg, familieinnvandring, arbeidsinnvandring frå land i og utanfor EU/EØS, au-pair-ordninga med meir.