MinID

For å få utført tenester frå stat og kommune digitalt må du ha ein elektronisk ID for å kunne logge deg inn. Denne bekreftar at du er den du gir deg ut for å vere.

MinID er ein personleg elektronisk ID som gir tilgang til offentlege tenester, og er gratis å få og å bruke.

Når du har mottatt aktiveringsbrevet, følger du instruksjonane der. 

  • Last ned og opne MinID appen frå Google Play eller App Store 

  • Klikk på "Kom i gang" 

  • Tast inn fødselsnummer. Klikk "Neste" 

  • Skann aktiveringskoden (QR) med kamera. NB! Du må tillate at kamera kan bruke appen 

  • Lag eit personleg passord 

  • Tast inn mobilnummer. Klikk "Neste" 

  • Tast inn e-postadresse. Klikk "Neste" 

Du er no registrert som MinID app brukar. Neste gong du loggar inn kan du bruke telefonen til å godkjenne innlogging.

For dei som ikkje ønskjer eller kan bruke MinID app, finnst det eit alternativ. 

Med ein MinID kan du for eksempel 

  • Søke plass på vidaregående utdanning. 

  • Søke stipend i Lånekassen.no. 

  • Signere avtalar, kontraktar, og andre viktige dokument digitalt. 

  • Melde flytting eller endre skattekortet på Skatteetaten.no. 

Elektroniske IDar finnst på ulike sikkerheitsnivå, og gir dermed tilgang til litt ulike typar av tenester. MinID er på det vi kallar et mellomhøgt sikkerheitsnivå (“Betydeleg”), og kan brukast til mange offentlege tenester, men for eksempel ikkje til helsetenester på helsenorge.no. BankID, Buypass og Commfides, som også kan brukast til offentlege tenester, er på det høgaste sikkerheitsnivået (“Høgt”) og gir tilgang til alle offentlege tenester. 

Du kan du lese meir om alternative som gir tilgang til offentlege tenester på Norge.no. For meir informasjon og brukarstøtte om MinID, gå til www.idporten.no.

Image
Kvinne med bankkort
4,6 millionar innbyggjarar brukar elektronisk ID for å logge inn til tenester via ID-porten. ID-porten gir tilgang til meir enn 4000 digitale tenester frå meir enn 1000 offentlege verksemder.