MinID
MinID er ein personleg elektronisk ID som gir tilgang til offentlege tenester, og er gratis å få og å bruke.
- Gå til aktiveringsbrev.minid.digdir.no/order
- Taste inn fødselsnummer (11 siffer)
- Aktiveringsbrev med kode blir sendt til folkeregistrert adresse
Når du har mottatt aktiveringsbrevet, følger du instruksjonane der.
-
Last ned og opne MinID appen frå Google Play eller App Store
-
Klikk på "Kom i gang"
-
Tast inn fødselsnummer. Klikk "Neste"
-
Skann aktiveringskoden (QR) med kamera. NB! Du må tillate at kamera kan bruke appen
-
Lag eit personleg passord
-
Tast inn mobilnummer. Klikk "Neste"
-
Tast inn e-postadresse. Klikk "Neste"
Du er no registrert som MinID app brukar. Neste gong du loggar inn kan du bruke telefonen til å godkjenne innlogging.
For dei som ikkje ønskjer eller kan bruke MinID app, finnst det eit alternativ.
-
Gå til aktiveringsbrev.minid.digdir.no og registrer deg med e-post og mobil. For å logge inn vil du da motta eingangskodar på SMS.
Med ein MinID kan du for eksempel
-
Søke plass på vidaregående utdanning.
-
Søke stipend i Lånekassen.no.
-
Signere avtalar, kontraktar, og andre viktige dokument digitalt.
-
Melde flytting eller endre skattekortet på Skatteetaten.no.
Elektroniske IDar finnst på ulike sikkerheitsnivå, og gir dermed tilgang til litt ulike typar av tenester. MinID er på det vi kallar et mellomhøgt sikkerheitsnivå (“Betydeleg”), og kan brukast til mange offentlege tenester, men for eksempel ikkje til helsetenester på helsenorge.no. BankID, Buypass og Commfides, som også kan brukast til offentlege tenester, er på det høgaste sikkerheitsnivået (“Høgt”) og gir tilgang til alle offentlege tenester.
Du kan du lese meir om alternative som gir tilgang til offentlege tenester på Norge.no. For meir informasjon og brukarstøtte om MinID, gå til www.idporten.no.