Skilsmisse
Søkje om separasjon
Ynskjer du å bli skild, må du først søkje om separasjon om du og ektefellen din framleis bur saman, eller har budd frå kvarandre i mindre enn to år. Du søkjer om separasjon digitalt eller på papir hjå Statsforvaltaren i det fylket der de sist budde saman. Når de har vore separerte i eitt år, kan de søkje om skilsmisse. I separasjonstida er de framleis formelt sett gifte. Ingen av dykk kan difor gifte seg på nytt i denne perioden.
Skilsmisse etter to års samlivsbrudd
Du kan søkje om skilsmisse utan å verte separert først om du og ektefellen din har budd frå kvarandre i minst to år, og er samde om at dette er eit samlivsbrot. Du kan søkje digitalt eller med papirskjema.
Mekling
Om de har felles barn under 16 år, må de møte til mekling på eit familievernkontor eller hjå ein annan godkjend meklar. Dette gjeld både gifte og sambuarar som skil lag. Meklaren skriv ut ein meklingsattest som skal leggjast ved søknaden om separasjon. Attesten er gyldig i 6 månader.
Etternamn
Etter skilsmissa beheld de det etternamnet de hadde i ekteskapet. Om de ynskjer å endre namn, må de sende skjemaet «Endre namn». Det er skattekontoret som behandlar namnesøknaden.
Du finn meir informasjon og skjema for separasjon og skilsmisse på nettsidene til Statsforvaltaren.
Du finn og informasjon i brosjyra Separasjon og skilsmisse frå Barne- og likestillingsdepartementet.
Om du treng å dokumentere at du er separert eller skilt, kan du bestille ein attest (utskrift av registrerte opplysningar) frå folkeregisteret.
Melde flytting innanlands
Flyttar du innan Noreg, må du melde frå til folkeregisteret innan 8 dager etter at du flytta. Folkeregisteret er ein del av skattekontoret. Er du student, kan du som hovedregel velje om du vil vere registrert på studiestaden eller på heimstaden. Er du pendlar, gjeld spesielle reglar. Skatteetaten og Lånekassen kan gi meir informasjon.
Berekn barnebidrag
Det er et mål at så mange som mogleg inngår privat avtale om barnebidrag. Bidragsrettleiaren viser kva ei offentleg fastsetting vil gje i barnebidrag, men kan og vere ei støtte ved inngåing av private avtalar.
Melding om endring av namn
Du kan endre både fornamnet, mellomnamnet og etternamnet ditt. Merk at mellomnamn ikkje er eit fornamn. Namn som kan takast som etternamn, kan og takast som mellomnamn.
Bestill frikort
Eit frikort er eit skattekort som viser at arbeidsgjevar ikkje skal trekke skatt om du tener 65 000 kroner eller mindre i løpet av året (2022). Du treng ikkje å søke om nytt frikort om du har fått frikort tidlegare. Tener du meir enn kr 65 000, må du bestille skattekort.
Fornye pass eller ID-kort
Hjå politiet finn du informasjon om å fornye pass eller ID-kort, bestille, endre eller avbestille time, pris, leveringstid, hente pass eller ID-kort, opningstider og hugseliste for det du må ha med deg til pass– og ID-kontoret. Du må møte opp hjå politiet for å få nytt pass eller ID-kort.
Søk separasjon og skilsmisse digitalt
Du kan søke skilsmisse på to ulike grunnlag: Skilsmisse etter 1 års separasjonstid eller skilsmisse etter 2 års samlivsbrot. Har du vore formelt separert i minst eit år, kan du søke om skilsmisse. Du kan søke om skilsmisse utan å bli separert først om du og ektefellen din har budd frå kvarandre i minst 2 år og er einige om at dette er eit samlivsbrot. Du og ektefellen din kan også søkje om skilsmisse i fellesskap.
Søkje bustøtte
Om du har låg inntekt og høge buutgifter, kan du søkje om bustøtte. På Husbanken sine nettsider kan du søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Du kan og sjå kven som kan få bustøtte, kva slags krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning.
Kontraktar for husleige, kjøp av bruktbil med meir
Det er ofte lurt å bruke kontrakt når du kjøper eller leiger. Det blir enklare å fastslå kva de er blitt enige om og det gjer at du står sterkare ved ein eventuell konflikt. Her finn du kontrakt for husleige, kjøp av fast eigedom, handverkartenester, bruktbil, brukt bubil, campingvogn, motorsykkel, fritidsbåt, samt kjøp av husdyr og ting.
Kalkulator for forbruksutgifter - SIFOs referansebudsjett
SIFOs referansebudsjett viser alminnelege forbruksutgifter for ulike typar hushald. Her kan få eit overslag over kva det kostar å leve på eit rimeleg forbruksnivå for din hushaldning, og du kan rekne ut ditt eige budsjett.
Bestille attester og utskrift frå folkeregisteret
Du kan bestille fødselsattest, bustadsattest, vigselsattest, bekrefting på foreldreansvar, bekrefting på sivilstand (ugift, gift, separert, skilt, enkje, enkjemann), utskrift av opplysningane som er registrert om deg i folkeregisteret, bustadsbekrefting etter skatteavtale med meir.
Bekrefting på foreldreansvar
Bekrefting på foreldreansvar viser kva foreldreansvar som er registrert på eit barn. Du kan trenge ei bekrefting i søkeprosessar med for eksempel bank eller forsikringsselskap.
Send elektronisk melding til Statsforvaltaren
Melding til Statsforvaltaren (tidlegare kalla Fylkesmannen) er eit elektronisk skjema som du kan bruke til å ettersende dokument eller anna informasjon som Statsforvaltaren treng til behandling av ei sak. Skjemaet kan og brukast til å sende ei melding til Statsforvaltaren, i staden for å sende brev.
Økonomisk sosialhjelp - vegvisar og søknad
Vegvisaren viser deg korleis du søkjer om økonomisk sosialhjelp og kva du kan søkje om. I vegvisaren finn du og informasjon om andre mogleikar enn økonomisk sosialhjelp. Både ordningar og støtte i og utanfor NAV er med, for eksempel bustøtte gjennom Husbanken, som er aktuelt for mange.
Om barnebidrag
Barnebidrag skal betalast av den av foreldra som ikkje bur saman med barnet sitt.
Økonomi- og gjeldsrådgjeving - digital vegvisar
Her finn du informasjon om korleis du kan ta kontroll over økonomien din om du hamnar i eller er på veg ut i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Du kan og ta kontakt med NAV direkte for å få økonomirådgjeving og gjeldsrådgjeving.
Legge til eller endre postadresse i Noreg og/eller i utlandet
Om du ynskjer at posten frå det offentlege skal sendast til ei anna adresse enn til den folkeregistrerte adressa di, kan du legge til eller endre postadressa. Dette gjeld og om du bur i utlandet.