Biologiske foreldre til adoptivbarn
Her kan du ta kontakt med Statsforvaltaren (tidlegare kalla Fylkesmannen) dersom du er adoptert, er over 18 år og ønskjer informasjon om dei biologiske foreldra dine. Statsforvaltaren har informasjon om både norsk- og utanlandsadopterte. Statsforvaltaren kan gje opplysningar om adopsjonar gjort før 1. januar 1999. I saker av nyare dato er det Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som gir desse opplysningane.