Melde flytting frå Noreg
Om du skal flytte frå Noreg til eit land utanfor Norden, må du melde frå til skattekontoret her heime. Skal du flytte til eit nordisk land, skal flyttinga berre meldast i det landet du flyttar til.
Om du skal flytte frå Noreg til eit land utanfor Norden, må du melde frå til skattekontoret her heime. Skal du flytte til eit nordisk land, skal flyttinga berre meldast i det landet du flyttar til.
Planlegg du å bu i Noreg i meir enn 6 månadar, må du melde flytting til Noreg seinast 8 dagar etter ankomst.
Dersom du ønskjer å bli sletta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret, vil du ikkje kunne få informasjon eller meldingar på SMS eller e-post, som til dømes påminning om timeavtale på sjukehuset, varsel om stenging av vatn eller beskjed om når det blir snømoking i gata der du bur, slik at du kan flytte bilen din. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å få brev frå det offentlege tilsendt digitalt og i staden få brev på papir, kan du reservere deg.
Om du under opphaldet i utlandet flyttar til ei ny adresse, kan du sende melding til skatteetaten om dette.
Du kan leggje til eller endre postadresse viss du ynskjer at posten frå det offentlege skal sendast dit istadenfor til den folkeregistrerte adressa din. For å leggje til eller endre postadressa, sender du oss ei melding via vårt kontaktskjema. Har du ikkje mogelegheit å logge deg inn, kan du levere skjema på papir.
Med sikkerhverdag.no vil vi fortelle deg hvordan du enkelt kan forebygge uhell hjemme hos deg selv. Her finner du også tips til hvordan du kan bli bedre rustet til å takle litt større kriser og hendelser.
Du kan bestille fødselsattest, bustadsattest, vigselsattest, bekrefting på foreldreansvar, bekrefting på sivilstand (ugift, gift, separert, skilt, enkje, enkjemann), utskrift av opplysningane som er registrert om deg i folkeregisteret, bustadsbekrefting etter skatteavtale med meir.
Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) er ein stad der Arbeidstilsynet, politiet, skatteetaten og Utlendingsdirektoratet (UDI) arbeidar saman for at utlendingar som kjem til Noreg for å arbeide, skal få god rettleiing og kort sakshandsamingstid på søknadane sine. Informasjonen er tilgjengeleg på norsk, engelsk, litauisk, polsk og russisk.
Om du ynskjer at posten frå det offentlege skal sendast til ei anna adresse enn til den folkeregistrerte adressa di, kan du legge til eller endre postadressa. Dette gjeld og om du bur i utlandet.