Digital kommunikasjon
- Du får tilgang til mange digitale tenester frå det offentlege (sjølvbeteningsløysingar på nett).
- Du får vedtak og andre viktige brev frå stat og kommune i den digitale postkassen din.
- Du får utført tenester raskare og får raskare svar.
- Du får varsel og informasjon tilsendt på SMS eller e-post, for eksempel påminning om legeavtale og varsel om stenging av vatn.
Opprett digital postkasse
For å få post frå det offentlege digitalt må du opprette ein digital postkasse. Du vel sjølv kva for postkasse du ønskjer å bruke, enten Digipost eller e-Boks.
Når stat eller kommune sender deg post digitalt, får du eit varsel på SMS eller e-post. Varselet vil fortelje at du skal logge deg inn i den digitale postkassen din for å lese posten. Personleg innlogging med elektronisk ID gjer systemet trygt å bruke. Det er berre du som har tilgang til din post.
Les meir om digital postkasse frå det offentlege.
Har du ikkje digital postkasse, vil du få brev på papir i staden, eller du må logge inn på nettsidene til dei ulike etatane for å lese breva i digital form.
Lovendring – frå samtykke til reservasjonsrett
Før måtte du gje eit aktivt samtykke for at ei statleg verksemd eller ein kommune kunne sende vedtak og andre viktige brev til deg på nett. No må du gje beskjed dersom du ønskjer vedtak og andre viktige brev på papir i staden for på nett. Dette kallar vi å reservere seg. Reservasjonen vil gjelde for post digitalt frå alle statlege verksemder og alle kommunar.
Må alle som ikkje ønskjer å få post digitalt, reservere seg?
Dersom du aldri har registrert mobilnummeret ditt eller e-postadressa di ved innlogging til ei offentleg teneste på nett via ID-porten, treng du ikkje reservere deg. Det offentlege vil då sende deg post på papir som før. NB! Når det gjeld utbetalingslippen frå NAV, må du vere reservert for å kunne få han på papir.
Oppdater kontaktinformasjonen din
Når stat eller kommune sender deg eit vedtak eller andre viktige brev, blir du varsla på det mobilnummeret eller den e-postadressa du har lagt inn i kontaktregisteret. Det er difor viktig at mobilnummeret og e-postadressa di til ei kvar tid er rett. Logg inn og sjekk at du er registrert med korrekt mobilnummer og e-postadresse.
Det er berre kommunar og statlege verksemder som kan bruke informasjonen i kontaktregisteret.
Ynskjer du å reservere deg mot digital kommunikasjon?
Som innbyggjar kan du gje beskjed om at du heller ynskjer å få vedtak og andre brev med innhald som er viktig for deg, på papir. Det gjer du ved å reservere deg. Les meir om reservasjon.