Reservasjon

Som innbyggjar kan du gje beskjed om du ynskjer å reservere deg mot digital kommunikasjon.

Har du reservert deg mot digital kommunikasjon?

Stat og kommune kan sende deg viktige varsel og meldingar sjølv om du har reservert deg mot digital kommunikasjon. Du vil kunne få slike varsel på det mobilnummeret eller på den e-postadressen du har lagt inn i kontakt- og reservasjonsregisteret.

Det er difor viktig at kontaktinformasjonen din er oppdatert. 

Treng eg å reservere meg?

Om du aldri har registrert mobilnummeret eller e-postadressa di ved innlogging til ei offentleg teneste på internett via ID-porten, er det ikkje naudsynt å reservere seg. Då kan ikkje det offentlege varsle deg om viktig post på SMS eller e-post, og må difor sende posten på papir.

NB! Når det gjeld utbetalingsslippen frå NAV, må du vere reservert for å kunne motta denne på papir. 

Du kan reservere deg mot digital kommunikasjon

Stortinget har vedtatt lovendringar som inneber at stat og kommune skal gå over til å kommunisere digitalt med innbyggjarane. Som innbyggjar kan du reservere deg. Du vil då motta vedtak og andre viktige brev på papir.

Fjern reservasjon

Om du har reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege og ynskjer å gjere om på dette, kan du når som helst fjerne reservasjonen ved å logge inn på dine kontaktopplysningar:

Hva inneber det å reservere seg?

Om du reserverar deg, vil reservasjonen gjelde 

• einskildvedtak
• førehandsvarsel etter forvaltningslova § 16
• meldingar som har betydning for din rettsstilling eller for behandlingen av saka
• meldingar som det av andre grunner er svært viktig at du får

I klartekst betyr dette at om du reserverar deg, vil brev som inneheld informasjon som er viktig for deg, kun bli sendt til deg på papir. Det kan til dømes vere skatteoppgjer, brev om tildeling av barnehageplass, eit byggeløyve eller vedtak om ytingar frå NAV. Har du reservert deg, gjeld det for heile offentleg sektor, både stat og kommune.

På grunn av postgangen vil du få brevet seinare enn om du får det tilsendt digitalt. 

Om du reserverar deg mot digital kommunikasjon, vil du framleis kunne logge inn på og bruke offentlege tenester på internett.

Spørsmål og svar om reservasjon

Image
Kvinne i raud sofa med ryggen til og PC
Digital kommunikasjon gir ein enklare kvardag for deg som innbyggjar, med betre tenester og raskare svar frå offentleg sektor. Når det offentlege sender viktig post til deg, får du varsel på SMS eller e-post om kvar du skal logge inn for å lese brevet.